Uavgjort i på overtid for Trott J 16.

Trott J 16 kjempa seg til eit svært fortent uavgjort resultat i Odda i seriepremieren.

Etter å ha fått ein i trynet på Odda sin første og einaste sjanse i 1.omg, tok Trott over og styrte kampen til pause. Dessverre utan å få nettkjenning. Dette betra seg i 2.omg då Vilde Gravdal scora åleine med keeper etter pasning frå Helene Halland, 1-1.  Kampen jamna seg ut og Odda var eit hardtkjempande lag med ein svært god keeper. God keeper hadde også Trott. Etter at Odda tok leiinga 2-1 15 min ut i 2.omg , haldt Siri Presthus Trott inne i kampen med nokre fine redningar. Samtidig jobba resten av laget hardt for å få ei utlikning. Den fekk dei tilslutt svært seint. Ein fantastisk enkelmannprestasjon av Marin Nesse Belt redda 2-2 på overtid. Etter å ha trilla rundt med 2-3 Oddaspelarar , skrudde ho ballen under keeper med utsida og ballen sneik seg inn via stolpen. Etter dette blåste berre dommaren av og Trottjentene hadde fått seg eit fortent poeng heim til Stord. Alt i alt ein flott laginnsats, der ingen gav opp før siste fløytsignal. Me gler oss til første heimekamp i neste veke.

Følg oss!

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift