Trott IL

Trott xtra

Trott xtra

Ekstratrening fredagar fra 16.00 til ca. 17.30!



Trott har som kjent motto: ”Trott for alle”. Me opplever at det blir gjort eit godt arbeid rundt om i dei ulike laga og aldersgruppene for å lukkast med dette. Likevel ser me at me kan bli betre på område som t.d. spelarutvikling – dvs. at me kan bli betre til å gje eit ekstra tilbod til dei som har motivasjon, evner og haldningar til å bli ein betre fotballspelar.


I denne samanheng har Trott knytt til seg Lotfi Lazaare frå Karmøy og Jonas Jonsson fra Stord. Lotfi er ein høgt utdanna trenar som bl.a. har trena både Avaldsnes, Haugar, Byåsen og det Marrokkanske damelandslaget på kvinnesida, herrelaga til Skjold og Torvastad, og i tillegg vore spelarutviklar i FKH og Avaldsnes. Jonas har over 10 års erfaring som proffesjonell fotballspiller i flere klubber, bla SK Brann og Bryne FK. Han har også trena Stord, Trott og Mandalskameratene på herresiden. Kontakperson og ansvarleg frå Trott si side blir Jonas Jonsson. Lotfi og Jonas vil samarbeide rundt det sportslege opplegget.

På fredagane ønskjer me å gje eit ekstratilbod til alle spelarar (gutar og jenter mellom 9 og 13 år) som ønskjer å bli betre. Dette er eit opent tilbod der fokuset er speleglede. Annan kvar søndag vil ein også gje eit ekstratilbod med personleg oppfølging til ei mindre gruppe spelarar. Desse vert plukka ut av Lotfi og Jonas i samarbeid med lagstrenarane..

Dette er eit prosjekt som Trott håpar å få 100% på plass etter sommarferien.
Tilbodet vil i utgangspunktet vere gratis for våre spelarar.

Meir informasjon om spelarutvikling og ekstratrening kjem Trott attende til når det er på plass.

Følg oss på Facebook!

Følg oss!





Trott IL
Postboks 790, 5404 STORD
trott@sklbb.no

Ansvarlig Web redaktør: Geir E Aga

Bankkonto 3520.07.19237

Flest mogeleg lengst mogeleg

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift